Historieformidling i vår tid

Herøy Sogelag har stått som arrangør av det tradisjonsrike Herøystemnet som har vore arrangert i Herøy sidan 1926. Etter eit opphald i nokre år vart stemnet tatt opp att i 1976 og vart arrangert kvart år fram til 2016. Styret vedtok då at tida var moden for å sjå på andre måtar å drive historieformidling gjennom opne publikumsarrangement.

 

I 2017 starta vi eit prosjekt med årlege bygdevandringar i alle bygdene i Herøy. Vi startar desse vandringene med ein felles gåtur, og deretter går vi vidare til trivelege innandørs arrangement der vi fortset historieforteljinga. Moltu var fyrst ut, og med hundreårsjubileum både for kraftverket og Canningen, vart dette ei spanande vandring gjennom bygda si historie. På vandringa i Kvalsvik var det molobygginga som sto i fokus, medan vi på vandringa i Voldsund mellom anna fekk eit innblikk i livet til jordmor Karoline Voldsund som starta sitt virke i 1892. Vandringa i Tjørvåg tok oss med inn i litt av historia til spelemann Paul Tonning. Vi har også vitja Bø, og gjekk ein flott tur ut på Sande og opp til garden vi kallar Plassen, med mange innlagte stopp undervegs. For oss i sogelaget har desse vandringane vore svært positive opplevingar, med viktige påminningar om alle desse synlege og usynlege banda vi har til dei plassane vi kjem frå. 

Vandringane er eit samarbeid mellom sogelaget og grendelaga i dei bygdene som har aktive lag. Sogelaget ynskjer å halde fram med å arrangere to slike vandringar i året.

Søndag 26. september 2021 var turen komen til Flusund og Berge og ei bygdevandring der. I strålande haustver møtte over 100 personer.

Oddmar Berge losa oss gjennom denne bydevandriga og fortalde om dei ulike sjøbodene, kven som bygde dei, og historier rundt dei ulike båtlaga.

Fleire av deltakarane bidrog med gode minner fra tida då butikkar og bakeriet var i drift

 

Etter vandreturen var det samling på Bedehuset på Berge. Bygdalaget baud der på nydelig brennsnut, kaffi og kaker.

Marit Sævik Leinebø fortalde der om historie og skikkar knytt til kyrkjegarden. Jakob Berge delte minner frå sin oppvekst om organisering og drift av notlaget på Berge og til sist fortalde Lillian Øvrelid Berge om jernutvitninga på 1700-talet frå Gruva i Verket 

 

Bygdevandring.jpg

Frå den aller fyrste vandringa på Moltustranda. Vandrarane er komne opp att frå vóren og er på veg mot kyrkjegarden.

Tonninggarden.jpg

Frå Tonninggarden, der vandringa gjekk våren 2019. 

IMG_2861.JPG
IMG_7751.jpg
IMG_5644.jpg

Frå vandringane i Voldsund september 2018, og Bø /Sande i oktober 2019. Siste bilete er frå sjøbudmiljøet i Flusund, der det skal vandrast 26. september.